Olivin er å finne i mellom anna bergarten dunitt, der olivininnhaldet overstig 90 % av vekta. Noreg har nokon av verdas største førekomstar av dunitt i hovudsak på Åheim i det verdskjente Almklovmassivet. Dunitt finnast også på Grønland, i USA og Sibir og i forbindelse med vulkansk aktivitet på f.eks. Lanzarote. Olivin er eit viktig industrimineral og Noreg er den leiande produsenten i Europa. Stø
rst tonnasje går til råjernindustrien der olivin vert nytta som tilsatsmiddel i råjernprosessen, men også i støypreisand, som råstoff til ildfaste produkt osv. Som miljømineral har olivin funne nye bruksområde. Olivin kan absorbere fleire ulike miljøgifter som f.eks. tungmetall, organometall og også reine organiske miljøgifter. I tillegg kan olivin binde seg til CO2 og danne karbonater. Den verdensleiande produsenten av olivin ligg nettopp på Åheim, Sibelco Nordic AS. Den reine krystallen av olivin vert kalla peridot og er å rekne som ein edelstein. Nokre av verdas største og vakraste periodtar kjem frå Åheim og steinen var barokktida sin mest populære smykkestein og skulle blant anna bringe lykke til eigaren. Peridot er fødselsteinen for august og står for berømthet, styrke og energi. Verdensledende produsent av olivin er Sibelco Nordic AS i Åheim i Vanylven kommune på søre Sunnmøre.